Litt om oss

Garden ligg ved Fjellvatnet på øya Barmen ute ved Stadhavet.

Bak ein kvar sau står det ein sauebonde. I dette tilfellet er det Kariann og Håvar Fagerli. I 2009 starta dei opp som saueprodusentar på Barmen. I 2011 hamna sauen.no på verdsveven, og de er no inne på nettbutikken til sauen.no. Som de kanskje har forstått er det sauene som er i fokus på sauen.no, så det er vel ikkje så mykje meir å seie om folket, som forøvrig bur på garden Fjellet, og vert difor kalla for fjellarane.

De kan lese mykje meir om både sauer og fjellarar på sauen.no