Desse vilkåra gjeld for sal av varer frå nettbutikken – sauen.no til forbrukarar og verksemder. Vilkåra gjeld for sal i Noreg med Svalbard og Jan Mayen, Sverige og Danmark.

Sal til forbrukarar er regulert i Lov om forbrukarkjøp og Lov om angrerett. Ordrestadfesting/tinging frå kunden utgjer samen med desse vilkåra det samla avtalegrunnlaget for handelen.

Alle prisar inkluderer meirverdiavgift. Alle tingingar er å rekne som bindande.

Kunden mottek stadfesting på ordren og informasjon på e-post. Etter kvart som ordren får ny status får kunden e-post om dette.

Privatpersonar må betale ein førehandsfaktura før varene vert sendt. Firma får tilsendt faktura med 10 dagar forfallsfrist. Både førehandsfaktura og firmafaktura vert sendt via e-post.

Alle kjøp i nettbutikken har 14 dagar angre- og returrett. Ved bruk av denne retten står kunden for returkostnadane.